Sporarbeid mellom Bulken og Evanger 2. – 4. mai
Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. I tida mellom 2. og 4. mai, vil det gå føre seg vedlikehald av sporet på delstrekninga mellom Evanger stasjon og Seimsgrend.
Publisert: 14. april 2025 klokken 13:34
Slik skal me jobba
Tid og stad
Frå fredag 2. mai til sundag 4. mai
Seimsgrend - Evanger
Dette skal me gjera
Arbeidet femner utskifting av skjener samt såkalla nøytralisering av sporet, og vil gå føre seg døgnkontinuerleg i den aktuelle perioden. Me gjer samstundes merksam på at det i samband med arbeida, vil bli oppretta eit mellombels riggområde ved Evanger stasjon for mottak og handsaming av brukte skjener.
Verksemda vil innebere noko støy og uvande lydar, mellom anna knytt til bruk av dieseldrivne maskinar. Det vil også være kortvarige periodar med noko kraftigare støy knytt til kapping, sveising og sliping av nye skjeneskøyter. Me ser oss lei for eventuelle ulemper, men strekar under at det generelle støynivået vil være relativt moderat.
Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.
NB!
Me tek atterhald om at framdrifta på arbeida kan bli endra på kort varsel dersom det oppstår uventa hendingar.
Meir informasjon?
Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal gjerast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR Referanse BB-202505-001 nyttast om du tek kontakt.
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)
Publisert: 14. april 2025 klokken 13:34