– Eg vil takke medlemene i EIM for tilliten dei har vist meg ved å velje meg til visepresident. Eg ser fram til å bidra i arbeidet for å gjere det europeiske jernbanenettet tryggare, meir påliteleg og meir brukarorientert, med investeringar og innovasjon retta mot samhandling, berekraft og betre tenester for alle brukarar, seier Johnsgaard-Lewis.
EIM samlar infrastruktureigarar og -forvaltarar i Europa, og spelar ei viktig rolle i utviklinga av jernbanesektoren.
Valet skjedde under EIM si generalforsamling i Brussel 24. juni 2026, der også Alain Quinet, viseadministrerande direktør i franske SNCF Réseau (FR), vart vald til ny president av EIM.
Meir på bane i Europa
Quinet seier det er ei stor ære å overta etter tidlegare president Miguel Cruz.
– Eg ser fram til å vidareføre det felles arbeidet vårt for å fremje innovasjon og driv fram utvikling i sektoren, seier Quinet, og peikar på behovet for å utvikle jernbanen som eit sentralt verkemiddel i det europeiske transportsystemet:
– Vi vil arbeide for å auke kapasiteten, styrkje robustheita og fremje digitalisering, slik at meir person- og godstransport kan flyttast over på bane.
Generalforsamlinga vedtok også ein ambisiøs arbeidsplan for 2026 og vidare arbeid i organisasjonen.

Generalforsamlinga i EIM juni 2026.
Foto: EIM