Om prosjektet
Det er eit klart mål å flytta meir av godstransporten i Noreg frå veg til bane, og Bergensbanen er ei strekning som har stort potensial for vekst i andelen gods. Strekninga er tungt trafikkert, og derfor er det nødvendig å forlengja eksisterande kryssingsspor for å styrkja kapasiteten.
Bane NOR skal forlengja kryssingsspora på tre stader mellom Oslo og Bergen; Dale, Veme og Sandermosen. Dei tre kryssingsspora skal forlengjast for å kunna brukast av godstog som er 640 meter lange. Prosjektet er no i ein planleggingsfase, og planen er å gjennomføra bygging og ta i bruk dei nye spora før 2033. Bygging føreset at dei nødvendige midlane blir løyvde.
Dette arbeidet er ein del av tiltaka i ein større pakke som skal gi ei nasjonal tilbodsforbetring for godstrafikk.
Prosjekta er ikkje prioritert i første 6-årsperiode av Nasjonal transportplan for 2025-2036.
Dale kryssingsspor
Dale kryssingsspor har i dag ei lengd på ca. 430 meter. Det ligg ved Dale stasjon på Bergensbanen, i Vaksdal kommune i Vestland fylke. Terrenget på Dale er krevjande, både bratt og skredutsett. Før bygging kan gjennomførast må me vurdera skredfare og kva tiltak som eventuelt er nødvendige.
Veme kryssingsspor
Veme kryssingsspor har i dag ei lengd på ca. 330 meter. Det ligg ved nedlagde Veme stasjon på Bergensbanen, i Ringerike kommune, vest for Hønefoss i Viken fylke. Veme ligg i eit område der det kan vera førekomst av kvikkleire. Det blir nødvendig å utføra grundige geotekniske grunnundersøkingar før bygging.
Sandermosen kryssingsspor
Sandermosen kryssingsspor har i dag ei lengd på ca. 515 meter. Det ligg ved Sandermosen stasjon på Gjøvikbanen, som no er nedlagt for av- og påstiging for passasjerar. Sandermosen ligg i Maridalen i Oslo kommune, noko som betyr at prosjektet må ta omsyn til Markaloven.
Status
Bane NOR har starta planlegginga av tiltaka og hatt dialog med dei ramma kommunane.
Hovudplanar og detaljplanar for prosjekta blei ferdige i 2025.
Reguleringsplan for Sandermosen blei lagt ut på offentleg høyring i april/mai 2026, og merknadene er til behandling.
Reguleringsplanar for Dale og Veme blir ikkje ferdigstilte i denne omgang.
2026
Planlegginga er stansa per juli 2026, og prosjektet avviklast.
Tidspunkt for vidare arbeid med kryssingsspora er ikkje avklart.
Kontaktinformasjon
Ta kontakt om du har nokre spørsmål om prosjektet. Me ber pressa om å kontakta kommunikasjonsrådgivaren vår direkte.
Marianne Nyebak
Prosjektleder
Ingvild Eikeland
Kommunikasjonsrådgiver
Nyheter
Informasjonsmøte om Dale kryssingsspor
Et titalls personer møtte opp da Bane NOR inviterte til åpent møte om kryssingssporet som planlegges på jernbanen på Dale.

Inngått rådgiverkontrakt med NIRAS
Vi har inngått kontrakt med NIRAS Norge AS om prosjektering og teknisk rådgiving for prosjektet Kombitransport Oslo-Bergen.

